Eingongsstønad ved heimefødsel
Når du har fødd heime, kan du få eingongsstønad frå Helfo.
Kvinner som føder heime, har rett til eingongsstønad ved heimefødsel (fødsel utanfor institusjon). Eingongsstønaden er på 3013 kroner for 2021 (2920 kroner i 2020). Du kan ikkje få denne stønaden dersom fødselen skjer i ambulanse.
Helfo må ha teke imot søknaden seinast innan seks månader etter fødselsdatoen til barnet.
Send søknad digitalt til Helfo
Du kan søkje om eingongsstønad etter heimefødsel ved å bruke digitalt skjema.
Du må leggje ved ei stadfesting frå helsepersonell på at du har fødd heime.
Logg inn på Helfos digitale skjema og søk om å få refusjon
Fullmakt ved Helfo-henvendelser
Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt. Foreldre/føresette må også ha fullmakt frå born over 16 år. Dette er fordi den helserettslege myndigheitsalderen er 16 år.
Kilde: Helsenorge